Våre Prosjekt
Våre prosjekt i inn- og utland
Betania Knarvik
Heilt sidan starten i 1979, har menigheten hatt eit stort engasjement for misjon. Vår drivkraft er ynskje om å fullføre Jesu misjonsbefaling i Matteus 28:18-20 og Apostlenes gj. 1:8 om å forkynne evangeliet, gjere disipler, trene og sende ut arbeidere for å fullføre oppdraget både åndelig og diakonalt.
 
			 
			Global Misjon
Frå Betania i Knarvik ynskjer vi å nå ut til alle folkeslag, nasjoner og kulturer. Vi gjer det ved å sende ut, og/eller støtte misjonærer og lokale samarbeidspartnere i deira arbeid med evangelisk og diakonal verksemd.
Astrid og Kjell Grøttveit var dei første misjonærane som menigheten Betania stilte seg som utsendarmenighet for…
Dei reiste ut til Zaire (Kongo) i 1983 saman med barna Kristin og Halvard. Der var dei i 2 år fram til sommaren 1985.
Menigheten har elles vore støttemenighet for mange misjonærar og støtta mange misjonsprosjekt. Av misjonærar som har hatt særleg tilknyting til menigheten kan nemnast Inger Johanne og Inge Bjørnevoll mangeårige misjonærar i Paraguay. Vi kan også nemne Karin og Trygve Korneliussen, også mangeårige misjonærar i Kenya og Uganda.
Menigheten Betania Knarvik støttar misjonærar i Etiopia med livsopphald, og bidreg til humanitært arbeid, både i Etiopia og Somaliland.
Thailand
I Thailand er i dag Eva og Håkon Aasebø m/fam engasjerte i misjonsarbeid.
 
			 
			Open Heart Foundation
Menigheten bidreg med økonomisk støtte til Halvard Hasseløy sin organisasjon og arbeid i Ukraina.
Lokal Misjon
Vil seie den evangeliske og diakonale verksemda vi har i vårt eige distrikt og land. Dette gjer vi gjennom evangelisering, og gjennom å støtte forskjellige grupper og kulturer utanfor menigheten. Vi støtter t.d Fjordheim Gjestegård som er eit Omsorgssenter for menneske med rusrelaterte problemer. Meir om Fjordheim Gjestegård finn du på fjordheim.no.
 
			Dessutan støttar menigheten Evangelisenter sin kontaktkafè i Bergen.
