Historia til Betania Knarvik

Svein Børtveit har  laga eit hefte i samband med  40 års jubileet for Betania Knarvik i 2019. Heftet er interessant lesing, men her tek vi berre med utdrag av historia til Betania Knarvik.

Før huset til Betania Knarvik vart bygd, var det flokkar av pinsevenner både i Alversund, Alverstraumen, Isdalstø og i Gjervik. Pinseflokken i Alversund og Alverstraumen hadde aldri eige hus, men flokken i Isdalstø og i Gjervik hadde det.

Etter kvart som det vart betre vegar og kommunikasjon mellom Alversund, Alverstraumen, Isdalstø og Gjervik, slo pinsevennene seg saman til ei menighet i Isdalstø. Menigheten var utpost til Pinsemenigheten Tabernakle, Bergen

Etableringsfasen 1978 – 1980.

Tidleg på 70-talet blei det ved fleire høve drøfta spørsmål om å flytte verksemda til Knarvik. Det var fleire årsaker til dette: For det eine var dette ein periode med stor tilflytting til Knarvik og området rundt, særleg i Alversund. Dette gjorde at det etter kvart var ein bra stor flokk pinsevenner i området, og mange av dei var relativt unge og i etableringsfasen.

 Knarvik var dessutan i sterk utbygging, og det ville vera strategisk bra å få etablert seg med bedehus i Knarvik. Og i tillegg til alt dette, var det ikkje særleg eigna tomt for utviding, der bedehuset låg på Alverflaten.

 I samband med spørsmålet om å byggje nytt hus i Knarvik, kom også spørsmålet om eiga sjølvstendig menighet opp. Dersom ein ikkje oppretta eiga menighet, ville Tabernaklet i Bergen måtta stå som byggherre. Så etter vedtak i menighetsmøte 10.12.78, blei menigheten offisielt etablert som sjølvstendig frå 01.01.79 med 29 vaksne medlemmer, og  etter som nytt bygg skulle etablerast i Knarvik, blei namnet Betania, med adresse 5100 Isdalstø. (I vedtaket frå 10.12.78 heiter det: «Menigheten tar namnet ‘Betania’

Arbeidet med nybygget starta i påskehelga, 30. mars 1979!

Då sommaren var på hell i 1979, var tomten utskoten, og det var støypt fundament for heile huset. I eine enden var fundamentet klart til å setje bedehuset frå Gjervik på.

 Laurdag 15. september blei bedehuset på Grøttveit (Gjervik) heist opp på ein semitrailer og flytta til Knarvik. Der blei det sett ned på dei nye grunnmurane, klart for å knytast til det nye Betania som no var i ferd med å byggjast.

 Her er bedehuset Betel på veg over brua i Gjervik.

Det blei skrive mangt og mykje i fleire aviser om bedehuset som var på reise. Her er eit bilete frå Strilen si dekking av saka. Her blir huset heist på plass på si nye adresse.

 Om byggjearbeidet kan elles nemnast at bedehuset frå Gjervik blei totalrenovert.

I pinsehelga 1980 var det innviing av lokalet, etter godt og vel 13 månaders byggetid.

 Sjølve innviinga var på pinsedag, 25. mai 1980 med møte både føremiddag og ettermiddag. Med 300 frammøtte, var huset fullt både på plattforma, i salen og i småsalen!

 Det var full aktivitet i det nye Betania frå første stund.

Føremålet for menigheten blei fastsett slik: «Føremålet med verksemda er å forkynne evangeliet for alle menneske slik at dei kan bli frelste og lære sanninga å kjenne (1.Tim.2,4.)»

Pr i dag har flokken i Betania auka frå 25 i starten til 140 medlemmar pr i dag, 2025. Vi reknar med at flokken vil halde fram med å auka.

Kontakt oss!